Som kunstnar arbeider eg i hovedsak med figurativ teikning og maleri.
Vaks opp på ein liten stad i Sveio, med skog og stille, mørke tjødnar nær heimen, og det har inspirert meg til å bruka naturen både som kulisse og metafor.
For meg er kunst ikkje berre det vakre, det er ein måte å formidla ting eg finn det vanskelig å setja ord på.
Tematisk arbeider eg med kjønnsroller og forhold/misforhold mellom menneske. Vert fascinert av det usagte, det som er under overflata og mellom linjene…
Inspirasjon til eigen kunstnerisk verksemd finn eg bl.a. i film, bøker og musikk, men mest av alt i det eg opplever, menneske eg treffer, det som hender kvar dag, ute i verden og her eg er.
As an artist I usually work with figurative drawing and painting.
I grew up in a small place called Sveio, with woods and quiet, dark water nearby. This has inspired me to use nature both as imagery and metaphor.
To me, art is not just the beautiful, it's a way to convey things I find hard to explain with words. Thematically I work with gender roles and relations and disharmony between human beings.
I'm fascinated by the unsaid, what lies beneath the surface and between the lines...
I find inspiration for my own artistic activity in movies, books and music, but most of all in everything I experience, people I meet, what's happening every day, out in the world and where I am.